HALLINGLAGET I OSLO
Hausten 2008
Springarøvingar hausten 2008:
Det blir meir instruksjon på øvingane denne
hausten, og øvingane startar kl. 19.00.
Danseleiar er Oddmund Vestenfor frå Ål. Me håper også at A-klasse dansarane
Ulf-Arne Johannessen og Knut Skrindo kjem innom ein kveld eller to.
Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen, Nordahl Bruns gt. 22 så blir det moro!
Helga 6. - 7. September: Hausttur til Hallingbu.
Dagstur eller overnattingstur. Føl stemninga på
Hallingbu.
Interesserte må melde
seg
på til laget slik at middagen kan
samordnast.
Det kan også bli fleire turar denne hausten, så
meld frå til laget om du
er interessert - så får du info.
Helga 25. – 28. september: Folkelarm! Konsertar på fleire scener i Oslo.
Sundag 28. september: Minikurs i hallingspringar
kl. 18.00
før Folkedanskvelden kl. 19.30. Dansespel ved Ola
R. Imset.
Det blir instruksjon i ein og ein halv time, og det blir
blir springardans
ein ekstra time etter kurset. Her må alle som vil
prøve seg på springaren møte opp!
Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er gammaldans og bygdedans i Nordahl
Bruns gate.
Helgekurs i Hallingspringar med
særs gode instruktørar frå Hallingdal:
Torill
(Stave) Kvalvågnes
(A-klasse dansar frå Ål)
og Bjørn Lien
frå Gulsvik i Flå. Dei vil gjennomgå hallingspringaren i
detalj.
Spelemenn er Hilde Kirkebøen og Ola R. Imset.
Pris for kurset kr. 300,-/400,- for medlemer/ikkje
medlemer,kr. 250,-
for studentar og ungdom under 20 år. Mat er inkludert begge
dagar!
Tips om lynkarriere i hallingspringar:
Fyrst minikurs, så øvingskveldar og så helgekurs.
Øver ein iherdig
kan ein bli med på Lagdansen på
Landskappleiken på Geilo i 2009!
Kontakt laget for meir informasjon
Sundag
30. november:
Hallinglaget er tilskipar av Folkedanskvelden kl. 19.30.
Hallingspringar i pausa. Kom og dans og kjøp deg
særs gode raumevaflar!
VELKOMNE SKAL DE VERA!