HALLINGLAGET I OSLO
Hausten 2010
Springarøvingar hausten 2010:
Det blir litt instruksjon på øvingane denne
hausten, og øvingane startar kl. 19.00.
Danseleiar er Oddmund Vestenfor frå Ål. Me håper også at stordansarar
kjem
innom oss nokre av kveldane. Me skiftar dansepartner ofte slik at alle får
danse!
Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen så blir det moro:
Helga 4. - 5. September: Hausttur til Hallingbu.
Dagstur eller overnattingstur. Føl stemninga på
Hallingbu.
Interesserte må melde
seg
på til laget slik at middagen kan
samordnast.
Det blir fleire turar til Hallingbu denne hausten, så
meld frå til laget om du
er interessert - så får du info.
Helga 9. – 12. september: Folkelarm på den nye Riksscena i Oslo.
Sundag 19. september: Minikurs i hallingspringar
kl. 18.00
før Folkedanskvelden kl. 19.30. Dansespel ved
Hilde Kirkebøen.
Det blir instruksjon i ein og ein halv time, og det blir
blir springardans
ein ekstra time etter kurset. Her må alle som vil
prøve seg på springaren møte opp!
Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er gammaldans og bygdedans i Nordahl
Bruns gate.
Helgekurs i Hallingspringar med
særs gode instruktørar frå Hallingdal...
Spelemenn er Hilde Kirkebøen og Ola R. Imset.
Pris for kurset kr. 300,-/400,- for medlemer/ikkje medlemer,
kr. 250,-
for studentar og ungdom under 20 år. Mat er inkludert begge
dagar!
Kontakt laget for påmelding/meir informasjon
*** Tips om lynkarriere i hallingspringar:
Fyrst minikurs, så øvingskveldar og så helgekurs.
Øver ein iherdig kan
ein bli med på Lagdansen på
Landskappleiken i Seljord i 2011!
Sundag
28. november:
Hallinglaget er tilskipar av Folkedanskvelden kl. 19.30.
Best før ... m/Ola R. Imset spelar. Hallingspringar i pausa. Kom og dans
og kjøp deg
særs gode vaflar!
VELKOMNE SKAL DE VERA!