HALLINGLAGET I OSLO

Hausten 2017


Program i Blåsalen Nordahl Bruns gt. 22:

Springarøvingar hausten 2017:
Det blir litt instruksjon på øvingane denne hausten og øvingane startar kl. 19.00.
Hallinglaget håper at mange som liker å danse kjem innom oss desse kveldane.
Me skiftar dansepartner ofte slik at alle får danse!

Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen så blir det moro:

Andre viktige hendingar dette halvåret:

Fredag 15. september kl. 19.00: KULTURNATT også i Nordahl Bruns gate 22!
    Dans og spel i alle salar! GRATIS inngang for alle! Sal av kaffi/te, vaffel og kaker.
    Topp dansespel frå "alle" bygder: Herbjørn Liahagen hallingspel, Andris Hemsing
    valdresspel og Kenneth de Gala telespel og numedalsspel.
    Kjempegod gamaldans i Storsalen heile kvelden, Østersølenes Spelemannslag
    og Tonje og Stein Magne speler!  Her må alle som kan møte opp!
    Meir underhaldning også: Bygdelagskoret, Toradergruppa, turdans og songdans.

Sundag 17. september: Minikurs i hallingspringar kl. 18.00
    Her må alle som vil prøve seg på hallingspringaren møte opp!
    Godt dansespel og artig instruksjon ved Knut Skrindo. Kom aleine eller fleire.
    Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er gammaldans og bygdedans i Nordahl Bruns gate. 

STORT HELGEKURS I HALLINGSPRINGAR!

  4. og 5. november: Helgekurs i Hallingspringar!
 
Laurdag og sundag frå kl. 12.00 -16.00 begge dagar.

  Instruktørar: Ulf-Arne Johannessen, A-klasse/meisterdansar frå Ål.
  Ulf-Arne får hjelp av kvinnene i laget + Silje Risdal Liahagen på sundagen.

  Dansespel ved: Sina Myhr, Ola R. Imset og Atle Haugen (alle på hardingfele).
  Pris for kurset kr. 450,- der eit måltid mat kvar dag er inkludert i prisen.
  Møt opp og bli ein betre dansar! ... Mange av danserane i Hallinglaget
kjem!
 
(NB!   Pris for studentar og ungdom under 23 år: 300 kr.!)

Sundag 12. november: Hallinglaget er tilskipar av Folkedanskvelden kl. 19.30.
     Minikurs i Rørospols kl. 18.00. Enebakk Spelemannslag med Ola R. Imset spelar. 
     Kom og dans og treff hallingar!  - og kjøp deg særs gode vaflar!

Helga 16-19. november: Helga då alt skjer!
Folkelarm og Oslo-kappleik på Riksscena ...
Om du vil kan du vere med å danse Lagdans - for me burde ta eit napp i Bollen me gav til premie!

   Kontakt laget for påmelding/meir informasjon

*** Tips om lynkarriere i hallingspringar: 
       Fyrst minikurs, så øvingskveldar og så helgekurs. 

VELKOMNE SKAL DE VERA!