HALLINGLAGET I OSLO
Våren 2012
Springarøvingar våren 2012:
Det blir instruksjon på nokre av øvingane
som startar kl. 19.00.
Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen, Nordahl
Bruns gt. 22.
Sundag 5. februar: Minikurs
i hallingspringar kl. 18.00,
før Folkedanskvelden kl. 19.30. Instruksjon i 1,5 time. Kun 100 kr.
for heile kvelden!
Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er gammaldans
og bygdedans i Nordahl Bruns gate.
Onsdag
22. februar:
ÅRSMØTE I HALLINGLAGET
Møt opp i Blåsalen kl. 19.00 presis! Laget treng tilbakemelding
frå medlemene!
Det blir enkel servering på møtet og masse informasjon om laget.
Laurdag 17. mars: Buskerudkappleiken er i år på Lampeland.
Sundag
22.
april:
Hallinglaget er tilskipar av Folkedanskvelden frå kl. 19.30
”Enebakk
Spelemannslag” med Ola R.
Imset spelar. Hallingspringar i pausa ...
20.
mai - 27. mai.: Den norske Folkemusikkveka på Ål
Her
vil mange frå laget delta. Me satsar å danse lagdans under Bygdamønstringa.
Tips: Ta nokre fridagar i mai!
3.
juni: Bygdelagsstemnet på Bygdøy
Hallinglaget
dansar ein liten halvtime i 3 - 4 tida. Dei som
dansar/medlemer kjem inn gratis.
Det er Folkedanskveld om kvelden! Møt opp og opplev utedans
på tradisjonsrik grunn!
13.
juni: Spikjikjøttur til Hallingbu
Opplev
marka på sitt lysaste og vakraste. Maten og stemninga har vore god det
siste åra.
Møt opp og bli kjend på Hallingbu som får
stadig får fleire vener.
27.
juni - 1. juli: Landskappleiken 2012 på Otta!
Her
vil mange frå laget delta. Hallinglaget ynskjer å delta i lagdans den 28.
juni!…
Interesserte må melde seg inn i laget å bruke denne våren til å øve
seg på å danse ...
VELKOMNE SKAL DE VERA!