HALLINGLAGET I OSLO

Våren 2018


Program i Blåsalen Nordahl Bruns gt. 22:

Springarøvingar våren 2018:
Det blir god instruksjonnokre av øvingane som startar kl. 19.00. 
Møt opp annankvar onsdag i Blåsalen, Nordahl Bruns gt. 22.

Andre viktige hendingar:

Sundag  4. februar:  Minikurs i hallingspringar kl. 18.00,
før Folkedanskvelden kl. 19.30. Instruksjon i 1,5 time med god instruktør!
Gnistrande dansespel. Kun  kroner 130 for heile kvelden!
Hugs at det kvar sundag kl. 19.30 er gamaldans og bygdedans i Nordahl Bruns gate 22.

Onsdag  28. februar: ÅRSMØTE I HALLINGLAGET
Møt opp i Blåsalen kl. 19.00 presis! Laget ynskjer tilbakemelding frå medlemene.
Hallinglaget treng aktive folk i Styrer og nemnder, så bli med i laget om du kan.
Det blir enkel servering på møtet og mykje informasjon om Hallinglaget ...

Sundag 4. mars: Hallinglaget er tilskipar av Folkedanskvelden frå kl. 19.30.
Bli med og arranger denne kvelden, laget treng vaffelsteikere og vakter ...

Det er generelt mange gode spelgrupper og minikurs på sundagane, sjekk www.bls.no

24. mai - 28. mai:  Den norske Folkemusikkveka på Ål
Her vil mange frå laget delta. Om mange vil så kan me danse lagdans på Bygdamønstringa!
Tips: Ta nokre fridagar i mai og bli med! Overnatting på Satakroken Camping

6. juni:    Spikjikjøttur til Hallingbu
Opplev marka på sitt lysaste og vakraste. Maten og stemninga har vore god det siste åra.
Møt opp og bli kjend på Hallingbu som stadig får fleire vener. Det blir fleire turar på hytta,
så meld frå til laget om du vil vere med!

27. juni - 1. juli:    Landskappleiken er i år i TRYSIL!
Her vil mange frå laget delta. Om mange vil vere med så kan Hallinglaget delta i lagdans?…
Interesserte må melde seg inn i laget å bruke denne våren til å øve seg på springaren ...

VELKOMNE SKAL DE VERA!

Til hovedsida