HALLINGLAGET I OSLO

Vinter/vår 2024


Program i Blåsalen Nordahl Bruns gt. 22:

Springarøvingar vinter/vår 2024:

Det blir litt instruksjon på øvingane som startar kl.  18:30/19:00.
Våre faste spelemenn/instruktørar er Ulf-Arne Johannessen og Åsmund Fauske Jøtun.

Pris for medlemer/studentar kr. 50,-, for ikkje medlemer kr. 80,-. Kontant og Vipps: 737811
For meir info. meld dykk på e-post-lista til Halinglaget eller bli ven på Facebook !

Møt opp om du liker folkeleg dans i eit triveleg miljø...

Sjå også Facebook: Hallinglaget i Oslo

Andre viktige hendingar:

Sundag 14. januar: MINIKURS I HALLINGSPRINGAR kl. 18:00!
Hallinglaget skipar til eit nytt Minikurs med dei beste folka! Merk dykk
at Ulf-Arne Johannessen instruerer og Åsmund Fauske Jøtun spelar!
MERK:  Hallinglaget skipar til denne Folkedanskvelden frå 19:30-22:30!
       Meld frå til Laget om du vil hjelpe til ...


Onsdag  28. februar: ÅRSMØTE I HALLINGLAGET kl. 17:30 !
Hallinglaget
ynskjer tilbakemelding frå medlemene.
Det blir dei vanlege årsmøtesakene møtet og mykje informasjon om Hallinglaget ...

23- 26. mai: Folkemusikkveka 2023 på Ål!
       Her vil du treffe mange kjente frå Hallinglaget og oppleva Hallingkulturen!
Sjå: http://www.folkemusikkveka.no

12. juni:   Spikjikjøttur til Hallingbu
Opplev marka på sitt lysaste og vakraste. Maten og stemninga har vore god det siste åra.
Møt opp og bli kjend på Hallingbu som stadig får fleire vener. Det blir fleire turar på hytta,
så meld frå til laget om du vil vere med! Det blir mange turar denne sommaren ...

26. - 30. juni:    Landskappleik i Gol i Hallingdal!
      Hurra; Hallingdal er arrangør! Opplev hallingkulturen og lær deg hallimngspringar så snart som råd!
Sjå: https://www.landskappleiken.no

.
VELKOMNE SKAL DE VERA!

Til hovedsida